Frå festivalsjefen: Så var det over for denne gong!

I 2009 var eg med og stifta Velforeninga Havglimt. Frå byrjinga av har foreininga ikkje berre drive med typiske «vel-ting» men også ein heil del med kultur: frå strikkekafé og historiekveldar til poesikonsertar. Ein gong tidleg 2016 sat styret samla og snakka om korleis ein kunne halde aktiviteten oppe, og Harald A. Kalvøy hadde ein idé: kvifor ikkje samle det på ei helg, få opp trykket, ha ein heil liten festival.

Dette var ein tanke eg tente på. I prosjektnotatet stod det: «Kulturhelga Havglimt er eit forsøk på å opne lokalsamfunnet, skape blest om Rangøy-området, dele av det vi har. Det skal gi folk som bur her høve til å vise kva dei held på med, og dei som lagar noko for sal får høve til å by fram og skape merksemd om dette. Samtidig skal det vere ein utstillingsstad for lokal kultur og interesser i vid forstand, og ein sosial arena som gjer folk klar over over området.»

Den første kulturhelga var i april 2016 og inkluderte både båtmotorar, fotoutstilling, nattkino, internasjonalt bord og poesikonsert. Helga vart ein suksess som innbad til gjentaking, og styret vedtok at ambisjonen skulle vere kulturhelga annankvart år. I 2018 dundra vi til igjen, og resultatet vart ikkje dårlegare enn første gong.

Vi var i god gang med planlegging av kulturhelg i 2020 då koronaen førte til bråstopp i førebuingane. Dei to neste åra lurte vi på kor lenge pandemien skulle vare, og det tredje året var vi slitne av det, men vi hadde ikkje gitt opp. Etter ein diskusjon føreslo styret å flytte helga til seinsommaren.

Det viste seg å vere ein god idé på fleire måtar: ikkje berre er vêret betre og det er lettare for meg som store delar av året er i utlandet: det passa også som hand i hanske med Framsnakkingfestivalen, og ordførar Ingrid var begeistra over å få opne heile kommunens festival på Rangøya.

I år fekk vi besøk frå Estland, med fleire poetar og kunstnarar, for ikkje å nemne Bergen, Molde og Trondheim. Det var høgt og lågt, smalt og breitt, det var kampsport og veteranbilar og dikt og målarkunst, kåseri, mimring, filmkunst og strengespel. Og ikkje minst lokale båtmodellar og – motorar.

Eg er rørt og overvelda over responsen, besøket. Over alt. Takk til alle idéskaparar og bidragsytarar, styret i Velforeninga Havglimt, frivillige, motorentusiastar og fuglevenner, kunstnarar, poetar, lokale og gjester og alle andre levande menneske som er med på å gjere oss til dei vi er! Sanneleg får vi det til!

På gjensyn neste gong – og helst i mellomtida også!

Norwegian Dream – introdusert av regissøren

Kulturhelga Havglimt viser den nye norske kinofilmen Norwegian Dream. Og ikkje nok med det: vi får introduksjon ved regissøren. Leiv Igor Devold (f. 1977) er ein polsk-norsk regissør med master i filmregi frå filmskulen i Łódź, Polen og leiar i forbundet Norske Filmregissører. Hans norske debut «Den tilfeldige rockestjernen» vann Amanda-prisen for beste klipp, og han er totalt Amanda nominert fem gonger, inklusive tre nominasjonar for Norwegian Dream.

Meir om filmen: https://p3.no/filmpolitiet/2023/03/norwegian-dream/

Fri inngang, sjå meir om billettar her.

Cars n» Coffee

Plassen ved sjøsportkaia, søndag klokka 14.00

Willy Bergsnes er Rangøyas veteranbilentuast og viser under kulturhelga saman med naboar sine eigne doningar. Men ikkje nok med det: på søndag har han invitert sine venner i miljøet til «Cars n» Coffee» hos seg, på plassen nær Sjøsportkaia. Kom og sjå!

Vel møtt!

Sjark og poesi


I 2021 gav Øyvind Rangøy ut diktsamlinga Dødsbu på Aschehoug forlag. Hans debut som forfattar var derimot i Estland, to år tidlegare, der han har gitt ut fleire bøker.

Frå omslaget på «Dødsbu», Aschehoug 2021. Formgiving: Asko Kïnnap.


På søndag vender Øyvind tilbake til røtene – og om vêret held, i ein heilt spesiell setting:
I Sjark og Poesi får du høyre dikta i det miljøet dei kjem frå, lese rett frå sjarktaket på kaia der båtar kom inn.

Frå «Dødsbu», Aschehoug 2021

«Bølgånj så bær» – forfattarar frå Noreg og Estland

Løa, laurdag 26. august klokka 16.00

I dette innhaldsrike litteraturarrangement inviterer poet og festivalsjef Øyvind Rangøy diktarvenner frå sine to heimland, Estland og Noreg. Gjennom samtale, musikk og opplesing blir vi med på ei reise gjennom indre og ytre kyst- og havlandskap.

Asko Künnap (f. 1971) er grafikar og designer, men også poet og seglingsentuasiast. Han er prislønt bokdesignar og grafikar og har også laga omslaget til diktsamlinga Dødsbu fra Rangøya. Hans utstilling prydar naustveggen under heile kulturhelga – her får vi også møte han som poet.

Asko Künnap (foto: privat)

Simen Kjærsdalen (f. 1972) er musikar, komponist og medlem i diktarfellesskapen Kammerpoetane. Under kulturhelga møter vi han også under konserten søndag, men i 2022 gav han også ut diktsamlinga Gloria! Her får vi høyre hans eigne tekstar akkompagnert av strengemusikk.

Klara Hveberg ved Atlanterhavsvegen


Klara Hveberg (f. 1974) er frå Molde og utdanna matematikar. Då sjukdommen ME førte henne ut av arbeidslivet, fann ho den skjønnlitterære skrivinga som førte fram til romanen Lene din ensomhet langsomt mot min som har blitt omsett til både engelsk, dansk, tysk, polsk og koreansk, med fleire språk på gang.

Mikroforlaget Sju Knop: Øyvind Rangøy og Veronika Kivsilla i Tallinn, med Adam Cullen i bakgrunnen


Veronika Kivisilla (f. 1978) er frå Estland, poet og folkemusikkentuasiast. Ho har arbeidd som prosjektleiar i den estiske forfattarforeininga, men har også på eige initiativ lært seg norsk. Saman med Adam Cullen og Øyvind Rangøy har ho mikroforlaget Seitse Sõlme (Sju Knop). Vi får høyre hennar tekstar – og kanskje syng ho også på norsk!

Maarja-Liis Mölder ved Romsdalspanoramaet

Maarja-Liis Mölder (f. 1994) er frå Estland og er poet. I 2019 debuterte ho med diktsamlinga «Ein skal ikkje slå andre» på same estiske forlag som Øyvind Rangøy. Vi får høyre hennar tekstar og hennar inntrykk av den norske kystnaturen.

Nordnorsk visekveld

Løa, 25. august klokka 19.00

Tone Elisabeth Rendahl Leithaug (66) og bor på Averøya sammen med mannen Lars Olav Leithaug, i dag som pensjonister. Til innersida flyttet hun høsten 1991 i forbindelse med overtakelse av småbruket Leithaugen – men opprinnelig er hun fra Ørnes på Helgeland.

Helt siden barndommen har hun hatt gleden over sang og musikk, og på Averøya har hun sunget på kulturarrangementer, i kirker og bedehus, gospelgruppe og kirkekor og for turister med folketoner i stavkirka. Hun har også hatt sommerkonserter med musikere i Kvernes kirke. Musikksmaken er allsidig, men hun har et særlig hjerte for viser fra Nord!

Fredag blir det nordnorske viser av artister som Tove Karoline Knutsen, Halvdan Sivertsen, Trygve Hoff med flere. Lars Olav spiller gitar til sangene og synger med – og det samme får også publikum mulighet til å gjøre.

Vel møtt!

(Foto: privat)

Sjøsportaktiviteter for barn

Lørdag 26. august kl 10-13: Aktiviteter for barn i stranda

Averøy UK Sjøsport stiller med SUP-brett, kanoer, kajakker og båter som alle kan få prøve i stranda på friluftsområdet. Om noen er interessert i hva sjøsportlaget har av utstyr og vil ha tilgang til sjøsportlagets selvbetjeningsordning, blir det gratis brukerkurs kl 13.15.

Averøy UK Sjøsport er en ideell organisasjon startet i 2003 av Inge Rangøy med flere, med visjon om å tilrettelegge for at barnefamilier og andre kommer seg ut og gjør noe sammen i naturen.
Laget har base med utstyr på Rangøya og disponerer kajakker, joller (WalkerBay og diverse utstyr). AUS baserer seg i dag på selvbetjening: Medlemskap gir rett til gratis bruk av umotorisert utstyr i tråd med retningslinjene.

Skråblikk på Rangøyingen

Kåseri på Løa, laurdag 26. august klokka 14.00


John Harry Kvalshaug (f. 1944) har vært både skipsfører i MRF/Fjord 1 og ordfører i Averøy kommune (1997–2003), i tillegg til en rekke politiske verv og styreverv innen både offentlig og privat virksomhet og frivillighet. I tillegg har han rukket å stifte en hel del bekjentskap med rangøyinger.

Rangøya har vært et viktig kraftsenter i fiskerinæringen helt fra øyene ble befolket, men fra 1940–50-åra og utover har sterke personligheter med pågangsmot, framsynthet og tro preget øya. De er kjennetegnet ved et tydelig språk, kall det gjerne «rangøysk». Og de er på jakt etter nye løsninger og nye fangstmetoder. På tidlig 60-tall kom Rangøya til Averøya – eller motsatt – og bilene ble brukt til alt. Og ikke minst var rangøyingene sterke på overtro: ryggsekker og paraplyer var «for fjellfinner». Ikke minst måtte damer som kunne «trolle» eller «ganne» pleies.

Bildet er tatt ved siden av en dorry som ble brukt av alle notskøyter. Dorryen var i enden på nota. Ved kasting ble dorryen bemannet med to mann: en rodde og en passet tau og snurpeline, som igjen ble kastet om bord i skøyta etter at nota var utsatt og snurpingen startet. På rangøybåtene var disse brukt til tidlig på 60-tallet da de gikk over til lettbåter med motor. Foto: Terje Holm.

Fiskehistorier frå oppdrettets barndom

Løa, laurdag 26. august klokka 15.00

Kring 1920 skaffa Torger Henden sin første 35 fots fiskebåt, og på 60-talet var Terje Henden med faren Edvard T. Henden framleis på fiske med ein 45-foting. Fangsten leverte dei til bestefaren Peder M. Hoel ute i Nebben. På 1970-talet byrja eit nytt eventyr, og Edvard T. Henden var ein av oppdrettspionerane, saman med Kåre Hasselø, Ole Ellingvåg, Einar Ramsøy og Ivar og Einar Rangøy. Resultatet for Edvard T. i 1973 vart 10 tonn fisk ingen hadde råd til å kjøpe. Sidan den tid har næringa opplevd eventyrleg vekst, men også store nedturar, som krakket i 1981. I 2010 gjekk familiebedrifta vidare til neste generasjon og fekk i den prosessen namnet Pure Norwegian Seafood, som i dag sel laks for to milliardar kroner i året.
På kulturhelga mimrar Terje Henden om dei første tidene i ei ny næring. Og den som fortel fiskehistorier, har lov å ta i litt. Alt er sjølvsagt heilt sant. Slik berre gode historier er.

Henden Fiskeindustri AS: Terje Henden (t.h) saman med Karl Hasselø og Eldar Arne Henden
Moderne produksjon ved Pure Norwegian Seafood AS

Fuglene våre

Ærfugl

Løa, 26. august klokka 13.00

Ole Ragnar Gjøra fra Surnadal driver med med forskning og kartlegging av fugler og utviklingsarbeid innen bioteknologi. På kulturhelga kommer han til Løa med et foredrag om fugler.

Han vil snakke om ærfuglen, fugler på foringsbrettet og ikke minst sitt store forskningsarbeid med vipe og storspove – og helt sikkert innom flere arter. Både vipen og storspoven er truede arter, og Averøy er en av kommunene som har vært med på forskningsarbeidet.

Storspove (foto: Wikipedia)

Mange er interesserte i fuglene rundt oss. Nå har du muligheten til å høre på en som virkelig forstår seg på fugler – og som også gjerne tar imot spørsmål fra publikum. Her kan du lese mer om virksomheten til BirdLife Møre og Romsdal.