Frå festivalsjefen: Så var det over for denne gong!

I 2009 var eg med og stifta Velforeninga Havglimt. Frå byrjinga av har foreininga ikkje berre drive med typiske «vel-ting» men også ein heil del med kultur: frå strikkekafé og historiekveldar til poesikonsertar. Ein gong tidleg 2016 sat styret samla og snakka om korleis ein kunne halde aktiviteten oppe, og Harald A. Kalvøy hadde ein idé: kvifor ikkje samle det på ei helg, få opp trykket, ha ein heil liten festival.

Dette var ein tanke eg tente på. I prosjektnotatet stod det: «Kulturhelga Havglimt er eit forsøk på å opne lokalsamfunnet, skape blest om Rangøy-området, dele av det vi har. Det skal gi folk som bur her høve til å vise kva dei held på med, og dei som lagar noko for sal får høve til å by fram og skape merksemd om dette. Samtidig skal det vere ein utstillingsstad for lokal kultur og interesser i vid forstand, og ein sosial arena som gjer folk klar over over området.»

Den første kulturhelga var i april 2016 og inkluderte både båtmotorar, fotoutstilling, nattkino, internasjonalt bord og poesikonsert. Helga vart ein suksess som innbad til gjentaking, og styret vedtok at ambisjonen skulle vere kulturhelga annankvart år. I 2018 dundra vi til igjen, og resultatet vart ikkje dårlegare enn første gong.

Vi var i god gang med planlegging av kulturhelg i 2020 då koronaen førte til bråstopp i førebuingane. Dei to neste åra lurte vi på kor lenge pandemien skulle vare, og det tredje året var vi slitne av det, men vi hadde ikkje gitt opp. Etter ein diskusjon føreslo styret å flytte helga til seinsommaren.

Det viste seg å vere ein god idé på fleire måtar: ikkje berre er vêret betre og det er lettare for meg som store delar av året er i utlandet: det passa også som hand i hanske med Framsnakkingfestivalen, og ordførar Ingrid var begeistra over å få opne heile kommunens festival på Rangøya.

I år fekk vi besøk frå Estland, med fleire poetar og kunstnarar, for ikkje å nemne Bergen, Molde og Trondheim. Det var høgt og lågt, smalt og breitt, det var kampsport og veteranbilar og dikt og målarkunst, kåseri, mimring, filmkunst og strengespel. Og ikkje minst lokale båtmodellar og – motorar.

Eg er rørt og overvelda over responsen, besøket. Over alt. Takk til alle idéskaparar og bidragsytarar, styret i Velforeninga Havglimt, frivillige, motorentusiastar og fuglevenner, kunstnarar, poetar, lokale og gjester og alle andre levande menneske som er med på å gjere oss til dei vi er! Sanneleg får vi det til!

På gjensyn neste gong – og helst i mellomtida også!