Billettar?

Kulturhelga Havglimt er eit dugnads- og eldsjelprosjekt. Vi vil at flest mogleg skal få nyte arrangementa, og alle arrangement har gratis inngang – fordi vi har brukt ressursane på å skape ei oppleving, ikkje organisere billettkontrollar.

Derimot håpar vi at flest mogleg støttar festivalen. Det kan du gjere ved å handle i kiosken og på loppemarknaden, kjøpe lodd til utlodningane, betale ein sjølvvalt sum for maten på søndag, eller også gjerne ved å betale frivillige bidrag:

Frivillig støttebillett (enkeltarrangement): 50 kroner
Frivillig festivalpass (alle arrangement): 300 kroner

Alle betalingar til festivalen kan gjerast på Vipps eller kontant i kiosken.


Mottakar: Velforeninga Havglimt, vipps-nummer 115727