Program

Kulturhelga er utsett til 2023 på grunn av korona-situasjonen.
Detaljert program blir lagt ut i byrjinga av 2023. Følg med, og kom gjerne med innspel! 
 
 
PROGRAM 2018
 
Klikk på linkane i programmet for å lese mer om programpostane.

Last ned utskriftsversjon her.  Informasjon og kinobillettar i festivalkiosken.

 
20. april 2018
 
17:30 Opning ved ordførar Ingrid Rangønes.
Musikalsk innslag ved Tommy «Elvis» Stormo.
18:30 Lysbilete v/Inge Rangøy
19:00 Minne frå lofotfisket 2018 med Knut og Leif Rangøy
19:30-21:00 Lygarkveld i «motorteltet» saman med Håvard Kongshaug og lokale heltar
21:30- Bachata-dans for begynnere med Inga Mölder
Påmelding: Inga Mölder inga.m2012@gmail.com, 40142188
 

 

21. april 2018
 
10:00-14:00 Open dag på «Sjøsportsenteret» v/Averøy U.K. Sjøsport.
 
14:00 Jeremy Hill: Havørnene rundt Rangøya
15:00-16:30 Verda rundt med Framstig — filmvising v/ Svein Flem
18:00 Eit fyrtårn ytterst ute. Om Ona. v/ Kirsti Mathilde Thorheim.
19:00 Til ein hundreåring: Estland og eg. v/ Øyvind Rangøy
19:30 Litteraturprogram med gjester: Knut Ødegård, Simen Kjærsdalen (mandola). Ved Øyvind Rangøy og Merete Bratsberg Aae.
Musikalsk innslag ved Tommy Stormo.
21:00 Havglimt gjennom piggtråd: presentasjon og klipp frå animasjonsfilmen «Min favorittkrig» av Ilze Burkovska Jacobsen
22:00 Nattkino: Sjølv om eg mistar alt. Om komponisten Arvo Pärt. (Engelsk teksting)
 
22. april 2018
 
12:00-14:00 På tur til «Sanden» v/ Elin Rangøy
14:00-15:30 Kinomatiné: Rett vest. Billett 50 kroner. (Engelsk teksting)
17:00 Avrundingsseremoni
 
 
Alle dagar: kiosk, utstillingar:
 
Festivalkiosken  på Løa: sal av vaflar, pølse med brød, popkorn, brus og sjokolade samt informasjon og billettar til søndagens film.
 
I Brygga: Foto av Jeremy Hill og Harald A. Kalvøy, maritime gjenstandar frå fleire bidragsytarar.
På Løa (lokale interørtekstilar: sengeteppe, åkle og dukar m.m, koordinator Mary Ann Rangøy), måleri og glaskunst (Marit Rangøy Fladset).
Båtmotorar og «motortelt» v/Leif og Knut Rangøy m. fl, veteranbilar/doningar v Willy Bergsnes

Laurdag og søndag:
Restesal, loppemarknad og salsutstilling i «Kremmarteltet»: Bente Hol, Ira Rangøynes, laurdag/søndag også Jon Peder Vestad frå Molde antikvariat og ymseri.
Rakettløype v/Elisabeth og Helge Staurnes.
 
Kontakt og tilleggsinformasjon, øvrige spørsmål: Øyvind Rangøy, rangoy@gmail.com, 40499502

Om

Kulturhelga Havglimt vart første gong arrangert i 2016 og andre gong i 2018, og responsen var overveldande. Den 21.-23. april 2023  (utsett tre år på grunn av korona-situasjonen) gjentek Velforeninga Havglimt kulturløftet. Gjennom Kulturhelga Havglimt 2023 tek arrangørane vare på og vidareutviklar det beste frå dei to første kulturhelga, alt med utgangspunkt i dei lokale kreftene frå Rangøy-området. På programmet står utstillingar av alt frå husgeråd til båtmodellar, fungerande båtmotorar, lokalhistorie og kystkultur, litteraturprogram med gjester frå Estland og Amerika, føredrag om alt frå Alaska til Rangøyingar, lokalrelevant og eksotisk film, forteljarkveld, internasjonalt bord, sjøsport og utflukter — alt med base kring Løa på Rangøya. Minifestivalen blir opna av ordførar Ingrid Rangønes fredag 21. april og varer i to heile døgn.
 
 

Kor skjer dette?

Løa på Rangøya
Rangøyveien 412
AVERØY

[wpgmza id=»1″]

 

Blogg

Rakettløype

Laurdag 21. april og søndag 22. april Ei rakettløype er ei kort terrengløype med elektronisk tidtaking. Barna får ein elektronisk brikke som registrerer start, mellomtider og målgang. På den måten kan alle vere med å konkurrere, så lenge løypa er open. Under Kulturhelga Havglimt står Elisabeth og Helge Staurnes for rakettløypa. Brikke og informasjon i …

Veteranbilar/doningar

Utstilling alle dagar Willy Bergsnes bur på Rangøya. Han har alltid vore interessert i veteranbilar og fordi har han ein replika av en Ford GT40 68-modell, ein GMC Syclone 91-modell som skal vere verdas raskaste pickup frå null til hundre, og ein 58-modell Volvo PV.  Desse doningane er det mogleg å ta i augnesyn under …