Fiskehistorier frå oppdrettets barndom

Løa, laurdag 26. august klokka 15.00

Kring 1920 skaffa Torger Henden sin første 35 fots fiskebåt, og på 60-talet var Terje Henden med faren Edvard T. Henden framleis på fiske med ein 45-foting. Fangsten leverte dei til bestefaren Peder M. Hoel ute i Nebben. På 1970-talet byrja eit nytt eventyr, og Edvard T. Henden var ein av oppdrettspionerane, saman med Kåre Hasselø, Ole Ellingvåg, Einar Ramsøy og Ivar og Einar Rangøy. Resultatet for Edvard T. i 1973 vart 10 tonn fisk ingen hadde råd til å kjøpe. Sidan den tid har næringa opplevd eventyrleg vekst, men også store nedturar, som krakket i 1981. I 2010 gjekk familiebedrifta vidare til neste generasjon og fekk i den prosessen namnet Pure Norwegian Seafood, som i dag sel laks for to milliardar kroner i året.
På kulturhelga mimrar Terje Henden om dei første tidene i ei ny næring. Og den som fortel fiskehistorier, har lov å ta i litt. Alt er sjølvsagt heilt sant. Slik berre gode historier er.

Henden Fiskeindustri AS: Terje Henden (t.h) saman med Karl Hasselø og Eldar Arne Henden
Moderne produksjon ved Pure Norwegian Seafood AS