Draumen om Framstig

MS «Framstig» var sidan bygginga i 1914 både fiske-, passasjer- og føringsbåt før i havarerte på Bud. Men historia var ikkje over: i 1979 var båten restaurert og rigga som galeas – og brørne Svein og Kåre flem gjennomførte ei jordomsegling.

På Kulturhelga Havglimt møter vi ikkje berre Svein Flem – vi får også sjå ein forsmak på «Draumen om Sydhavet», eit filmprosjekt under utvikling. Og ikkje minst:
vi får sjå sjølve båten.

Vel møtt!

Verda under vatn

Berit Kippernes er fridykkar – med kamera. Kva er fridykking og kvifor halde på med det?Laurdag 30. august får vi høyre henne fortelje meir om sin fantastiske hobby. Og ikkje berre høyre – vi får sjå det også!

Vel møtt!

Om øylivet mellom bakkar og berg

Kåseri med John Harry Kvalshaug

Diktet Nordmannen – meir kjent som Mellom bakkar og berg utmed havet og også kalla «kystens nasjonalsong» – vart først utgitt i Symra i 1863. Det over 160 år gamle diktet av Ivar Aasen, i dag mest kjent som song med melodi av Ludvig Mathias Lindeman, betyr framleis mykje også for oss kystbuarar.

Livet på ei øy er nettopp eit liv mellom bakkar og berg utmed havet. I sitt kåseri under kulturhelga 2025 tek John Harry Kvalshaug utgangspunkt i dette diktet som ei ramme rundt forteljingar om yrkesliv, skule, samferdsel og heile kystlivet – og også kva kysten har betydd og framleis betyr for velstanden i heile landet.

Den norske opne båten – ein unik maritim tradisjon

Føredrag med Kjetil Sildnes

Så lenge det har vore folk i landet har vi ferdast på sjøen for fiske, fangst, transport og oppdagingsferder. Lenge var det med farkostar som folk bygde sjølv av material i området. Det byrja mest sannsynleg med stokkebåtar som vart padla og utvikla seg steg for steg gjennom tusenåra.

Når vi kjem til vikingtida var båtane allereie nokså sofistikerte og utstyrt med råsegl som kunne segle både med og på skrå mot vinden. Dei var også spesialisert i ulike typar for ulike formål og farvatn. Nokre var til godsfrakt (knarrane), andre til troppetransport (langskipa), atter andre til fiske og somme til mindre spesialiserte oppgåver. Nokre var havgående, andre var bygd for fjordar og skjærgard.

Vikingtida tok slutt, men folk heldt fram med å leve og virke langs kysten, og dermed også både båtbygging og -bruk. Båtane vart som sagt bygd av tømmer frå skogen der dei skulle brukast og tilpassa formålet dei skulle fylle. Og måten dei vart brukt på sprang ut frå kulturen som folk langs kysten allveg har hatt: praktisk, egalitært, ujålete.

Dette er vår eigen kystkultur og maritime tradisjon, og den var einerådande langs kysten til ein gong utpå 1800-talet då importerte maritime tradisjonar byrja å få fotfeste: handelsflåten med sine store skip, mannsdominerte miljø, langvarige turar og sære båtspesifikke ord som bysse og pantry, marinen med sin strengt hierarkiske struktur og framandarta formål, og den aristokratiske lystbåttradisjonen, med sin krittkvite og pertentlege estetikk og meir og mindre subtile rikdomsmarkørar.

Desse importerte nykomlingane levde lenge side om side med vår eigen råsegltradisjon, men tok også stadig meir over. Då motoren kom vart det siste spikaren i kista for råsegltradisjonen, og den døydde gradvis ut fram mot 1900-talet med unntak av i fattige kystsamfunn og med ein liten renessanse under andre verdskrig. Dei siste som kjent denne tradjosnen og kunnskapen var i ferd med å døy ut på 70-talet då nokre vakne folk sørga for å lære av dei siste og føre kunnskapen vidare til neste generasjon.

Dette er ei dramatisk historie om ein verdfull kunnskap som nesten gjekk tapt, ein bergingsaksjon i siste liten og arbeid som framleis pågår med å gjenreise kunnskapen om skilnaden på ulike maritime tradisjonar. Dette vil eg fortelle meir om til dei som vil høyre i løpet av Kulturhelga Havglimt på Rangøya.

Helsing Kjetil Sildnes, tradisjonsbærer

Lea Kampmann

Lea Kampmann er ein færøysk songar og låtskrivar med ein særleg evne til å gripe publikum med sjelfull vokalframføring og gripande tekstar.

Med det færøyskspråklege albumet Seinferð inviterer Lea Kampmann lyttaren inn i eit musikalsk rom som kan likne på å sitje inne i ein akustisk gitar. Som artist er ho kjent for å skape ei intim stemning der publikum blir tekne med inn i ein atmosfære av ro og ettertanke. Ho er meir enn ein songar – ho er ein forteljar.

I 2021 vann ho Færøysk musikkpris for Årets song med Kanska, og i 2018 var ho nominert til heile fire prisar – og fekk prisen for Årets artist. Lea er multiinstrumentalist og spelar både gitar og fiolin i tillegg til å syngje. Med seg på scenen har ho Søren Michelsen på tangentar. Som band ber dei ei komplett konsertoppleving – ei feiring av kjenslevarheit, nærleik og musikkens kraft.