Barneboka «Adam si eiga øy» av estiske Veronika Kivisilla er spesialutgitt på norsk for kulturhelga. Når Adam blir med mamma på stranda, finn han ei heil øy å utforske. Og kanskje finn han si heilt eiga øy når han blir stor også?
Dei flotte illustrasjonane av Kadri Roosi gjer øya heilt levande for oss. Ta med heile familien og møt forfattaren i samtale med Veronica frå Vevang, saman med Angelika frå Estland og Ung Husflid. Det blir pannekaker og saft – og utforsking av eigne øyer med eigne sansar og eigne hender.
Jan Gunnar Hoff frå Bodø har vore aktiv som profesjonell jazzpianist sidan 1979, har gitt ut 25 album, komponert over 250 eigne verk og spela konsertar i byar som Tokyo, New York, London, Istanbul og Los Angeles. Han har samarbeidd med størrelsar som Alex Acuña, Mike Stern og Pat Metheny og han er ein meister med klangar som bevegar seg mellom det djupt lyriske og sterkt energiske. Hoff er professor ved UiT Noregs arktiske universitet i Tromsø og ved Universitetet i Agder i Kristiansand. I 2014 mottok han Buddyprisen – den gjevaste utmerkinga i norsk jazz.
Villu Veski kan berre skildrast som eit musikalsk universalgeni – ein imponerande allsidig musikar, komponist og formidlar. Som saksofonist viser han eit stort uttrykksspenn, med like stor kjenslevarheit og rekkevidd på både tenor og sopran . Veski er ein levande legende i Estland og har stått på scena saman med ei lang rekke store internasjonale namn. Sidan 1997 har Veski vore kunstnarisk leiar for Muhu Future Music Festival “JUU JÄÄB”.
Jan Gunnar Hoff og Villu Veski møttest for vel eit år sidan i Noreg. Etter å ha spela saman i Skjerstad kyrkje i Nordland fann dei ut at dei hadde så mykje til felles at dei måtte samarbeide vidare. Dei har hatt konsertar saman i både Noreg og Estland og har i år spela inn plate ved Arvo Pärt-senteret i Estland.
Kulturhelga Havglimt er stolt av å kunne presentere den norsk-estiske duoen Jan Gunnar Hoff & Villu Veski på Rangøya.