Noregs første fiskehelseteneste

Løa, laurdag 26. august klokka 14.30

I 1976 vart det slakta 1431 tonn oppdrettslaks i Noreg. I dag blir det slakta meir enn tusen gonger så mykje. Då Aud Skrudland i 1984 kom til Averøy var næringa framleis i støypeskeia, men den eventyrlege veksten var i gang og med den kom veksesmertene. Som nyutdanna veterinær oppvaksen på gard vart Aud landets første fiskedoktor i landets første fiskehelseteneste. Ja, du les riktig: fiskehelsetenesta i Averøy og Frei var den første i sitt slag.
I dag er Aud framleis brennande engasjert i fiskehelse, no som fagdirektør i Mattilsynet. På kulturhelga fortel ho om korleis det var å kome ung til Averøya og korleis det har vore å følge utviklinga i ein ny bransje frå lite pionersamvirke til eit stort kunnskapsmiljø som no er kjøpt opp av DNV.

Biletet:  Frå laboratoriet  i Kristvika, seinhausten 1984.  Foto: Roald Sevaldsen. Tidens Krav.