My Favorite War

Løa, fredag 25. august klokka 22.00

Ilze Burkovska Jacobsen (f. 1971) er dokumentarfilmregissør, har filmutdanninga si frå Lillehammer og har etablert seg i Noreg.

Ho vokste opp like ved havet i Latvia, som på den tida låg ved Sovjetunionens vestlege yttergrense. Men havet var likevel heilt utilgjengeleg: det var vakttårn, grensesoldatar og traktorar som harva opp sanda på strendene for å hindre alle fluktforsøk.

I dag er dei baltiske landa i EU og NATO og medlem av stort sett alle vestlege organisasjonar. Men arbeidet med å fordøye den vanskelege historia held fram. I 2018 viste kulturhelga det som framleis var det pågåande arbeidet med «My favourite war» – ein heilaftens animert dokumentarfilm om korleis det var å vekse opp i Sovjetunionen. No har vi gleda av å vise heile filmen.

Filmen er på norsk og engelsk, med norsk tekst.