
Kulturhelga Havglimt 2025: Å vere øy
Vi lever ved og med havet, og det pregar oss som bur her. Havet har også alltid sett oss i samband med andre, både i auster- og vesterveg. Kulturhelga feirar alt som vi er og har, våre ulike evner og interesser og kontaktar, og inviterer andre inn for å feire dette med oss.
Velforeninga Havglimt vart stifta i 2009 og har i tillegg til andre velforeiningsfunksjonar hatt ei mangfaldig kulturell verksemd på grendahuset Løa på Rangøya. Første kulturhelga var i 2016. Kulturhelga 2025 er den fjerde i rekka. Programmet har vore rikt og samansett: føredrag, utstillingar, konsertar, forteljarkveldar og aktivitetar for store og små – lokale krefter og langvegsfarande gjester med to fellesnemnarar: kystkultur og lokal forankring.
Eit menneske er inga øya, skriv John Donne. Kanskje ikkje, men tema for kulturhelga 2025 er nettopp å vere øy – anten det er Rangøya, Averøya eller jordkloden, bokstaveleg eller i overført tyding.
Velkommen!