Tankar etter ei kulturhelg

TANKAR ETTER EI KULTURHELG
 
Så var det over for denne gong. Som koordinator og «festivalsjef» er eg både letta og svært, svært glad — både for kor godt alt dette gjekk, reint praktisk, og ikkje minst for kor mykje godt vi faktisk gjorde og opplevde saman.
 
Det har handla om kystkulturen, om det som er vår bakgrunn her ute i Rangøy-området. Vi har fått impulsar frå verda, frå litteraturen og historia — og vi har delt det som er her, det som er nært. Ofte har det handla om å minnast det som har vore.
 
Men ikkje minst har det handla om det som var her og no, det som er her og no. Den levande kulturen er det vi har saman, det er noko vi har heile tida, men av og til opplever sterkt. Det har i alle fall eg gjort no.
 
Eg vil igjen få takke så varmt alle dykk i og utanfor Velforeninga Havglimt som har støtta opp og gjort dette mogleg — ingen nemnt, ingen gløymt. Og til slutt vil eg få dele igjen eit dikt eg hadde gleda av å lese opp, først under litteraturarrangementet og så på turen til Sanden:
 
FLYTANDE LYS
 
Det fanst ei tid båtar kom heim. Rullande kom dei og fedrane hadde store støvlar. Framleis går berget bratt ned frå teppet av lyng og gult gras, ned svarte sleipa dit taren er som ein vaksen mann, uraka.
Med gamle dønningar i ryggen kom dei heim og under kaiene var ruren, vinkande englar som slitne mødrer i vatnet som flødde og fall. Og blikket leita og fann, fargerike kuler og flagg, blåser og nøter mot veggar og ein søt røyk av diesel. Det var framtid i dette som ikkje fanst, og framleis kjem floa inn, klår over taren som flytande lys,
mørkt lagra.
 
*
 
Takk til dykk alle!
 
Øyvind Rangøy 

Til ein hundreåring: Estland og eg

Øyvind Rangøy. Foto: Inga Mölder

Laurdag 21. april kl. 19.00

Den 24. februar 1918 vart Republikken Estland erklært sjølvstendig, og i år er det stort jubileumsår. Øyvind Rangøy er innfødd på Rangøya, men gift estisk og utdanna estiskfilolog ved Universitetet i Tartu. I snart 20 år har han pendla mellom Noreg og Estland og reflektert over kva det vil seie å høyre heime to stader. I dette jubileumsåret deler han litt av dette i eit føredrag med ein fot i kvart land, tileigna hans andre heimland, 100-åringsjubilanten Estland.

Litteraturprogram med gjester

Eg vart fødd ved havet. Mi mor fødde meg i dei store fiskerias tid, båtane / kom inn med lanterner gyngande i moreld om nettene, bresteferdige av fisk / kom dei inn, som dunkande hjarto inn i mine draumar.

Orda er frå diktsamlinga Missa frå 1998 av Knut Ødegard — ein av dei verkeleg ruvande skikkelsane i kulturlivet i Møre og Romsdal. Sidan debuten i 1967 har han vore ein produktiv forfattar og lyrikar. I Romsdals Budstikkes lesarkrins er han også kjent som Liabonden, med æresmedlemsskap i Bondelaget.

Ødegård er grunnleggjaren av Bjørnson-festivalen, har skrive kongediktet ved kongebjørka og grunnlagt Fredslunden i Molde. Mykje av sitt liv har han budd på Island, dei siste åra har han gitt edda-diktinga ny norsk språkdrakt i fire band. Og i 2017 vart han nominert til brageprisen for si nye diktsamling, Tida er inne.

Og den 21. april kjem han til Kulturhelga Havglimt på Rangøya. Og det gjer du òg! Så sett av kvelden. Litteraturprogrammet byrjar laurdag kl 19:30 på Løa.