Min favorittkrig

Laurdag 21. april kl 21.00
Ilze Burkovska Jacobsen er dokumentarfilmregissør. Ho kjem opphaveleg frå Latvia, men har filmutdanninga si frå Lillehammer og har etablert seg i Noreg.
No arbeider ho med «My favourite war» – ein heilaftens dokumentarfilm om korleis det var å vekse opp i Sovjetunionen. På Kulturhelga får vi sjå ein del av denne filmen, med personleg introduksjon av regissøren sjølv. 
 

Kinomatiné: Rett vest

Søndag 22. april kl 14.00
(Engelsk teksting)

RETT VEST blir omtala som «En varm og morsom feelgoodfilm om alt det vakre som kan komme ut av sorgen.» Søndag 22. april blir det kinomatiné ved Kulturhelga Havglimt — dette er ein ny norsk film med direkte tilknytning til vår del av Noreg. Når det ber rett vest i denne filmen, er det til Ona dei skal. Men også Atlanterhavsvegen finst det sjansar for å få eit glimt av.

Billett 50 kroner.