Veteranbilar/doningar

Willy, Gry-Jeanett og Volvo. Foto: Inga Mölder

Utstilling alle dagar

Willy Bergsnes bur på Rangøya. Han har alltid vore interessert i veteranbilar og fordi har han ein replika av en Ford GT40 68-modell, ein GMC Syclone 91-modell som skal vere verdas raskaste pickup frå null til hundre, og ein 58-modell Volvo PV.  Desse doningane er det mogleg å ta i augnesyn under kulturhelga, og kanskje til og med få ein prat med entusiasten sjølv.

 

Fotoutstilling – Harald Kalvøy

Utstilling på Brygga alle dagar

Harald Kalvøy driv selskapet H2Ocean med «basecamp» på Rangøya, er ein av initiativtakarane til Kulturhelga Havglimt og ein dyktig fotograf. Dei fleste av bileta hans er av maritime motiv, ikkje minst i området rundt Hustadvika.  Sjølv seier han at han  «prøver å formidle øyeblikket slik jeg ser det, men vet det blir urettferdig mot øyeblikket». Mange av fotografia hans kan du sjå på Instagram-profilen @hkalvoy — men under kulturhelga kan du sjå dei i sitt rette format og miljø, utstilt på Brygga.

Lokale interørtekstilar

Utstilling på Løa alle dagar

Ein gjeng grepa kvinnfolk som kallar seg “pigeforeningen” møtest jamnleg på Løa på Rangøya, og i sentrum for samværet står ei interesse for handarbeid og tekstilar av ulike slag. Under sist kulturhelg viste dei fram rikdommen av lokalt laga klesplagg. I år vil dei stille ut gamle og nye lokalt laga interiørtekstilar av alle slag: sengeteppe, åkle, dukar og meir til, fortel utstillingskoordinator Mary Ann Rangøy Torske.

Lysbilete og Inge Rangøy

Inge Rangøy. Foto: Inga Mölder

Fredag  20. april kl. 18.30

Inge Rangøy er innfødd rangøying og drog på slutten av 70-talet i gang eit nytt trålfiske etter stavstild. Saman med kona Marit driv han Rangøy Rorbu, er initiaitivtakar til Averøy UK Sjøsport og vertskap på Løa som gjer kulturhelga mogleg. Som gammal fiskar med fotointeresse har han ei stor samling lysbilete frå fiske og andre sider ved den lokale kysthistoria. Fredag 20. april vil han vise lysbilete.

Lygarkveld

Fredag 20. april kl. 19.30-21.00

Du skal høyre mykje før øyrene dett av. Men aldri skal du la sanninga øydeleggje ei god historie. Fredag kveld blir det lygarkveld i «motorteltet» utanfør Løa, eit hi med nokre ringrevar og plass til fleire. Hit er det berre å kome, så ser vi kva som skjer!

Med oss på lygarkvelden er vi så heldige å ha Håvard Kongshaug og gitaren hans. Han har vore aktiv både som lærar, musikar og politikar. Han har markert seg lokalhistorisk som forfattar av boka «Havets skattkammer. Fiske, fangst og folk i Averøy gjennom 100 år» som for mange har blitt eit referanseverk, og i seinare tid er han også ein av opphavsmennene til spelet om Håholmen.

Rangøya frå padlarperspektiv

Fredag 20. april kl 18.00

Trond Eri er ein erfaren padlar og padleinstruktør. Han er padlesjef i kajakkompaniet, har halde kurs for Norges Padleforbund, vore leiar i teknisk komité hav i padleforbundet og har padla heile norskekysten på langs. Og ikkje minst har han i ei årrekke vore med på padlesamlingar på Rangøya, med deltakarar frå heile landet. Fredag 20. april kjem han til Kulturhelga for å snakke om Rangøya frå padleperspektiv.

Båtmotorar og «motortelt»

Båtmotorar v/Leif, Knut, og Einar Rangøy (Kulturhelga Havglimt 2016)

Utstilling alle dagar
Båtmotorane blir starta opp:
Fredag 20. april kl 19.15
Laurdag 21. april kl 17.30
Søndag 22. april kl 13.30

Knut, Leif og Einar Rangøy er tre brør som alle har ei litt spesiell interesse: gamle båtmotorar. Det er mykje mat i eit gammalt slips, blir det sagt, og kanskje også mykje kystkultur i ein gammal båtmotor. Desse bruksgjenstandane har sin estetikk, og ikkje minst sin spesielle lyd.

¡Bailamos bachata!

Fredag 20. april frå 21:30.

Bachata er en artig og emosjonell partnerdans, like godt eigna for gitaristar og kajakpadlarar som for Shakira-fans, folk som har to venstreføter eller berre er leie av vêret, og ikkje minst for alle som alltid har hatt lyst å lære å danse, men ikkje har hatt nokon stad å byrje.

Bachata stammar opphaveleg frå Den dominikanske republikk, men i dag blir den svært mykje dansa i Europa saman med salsa og andre latin-dansar.
Under kulturhelga vil grunntrinna bli demonstrert av Inga Mölder som bur på Rangøya og har drive med latin selskapsdans i 6 år.

Alle er velkomne, men på golvet er det plass til 15 par. Vi vil difor be om at interesserte melder seg på innan torsdag 19. april. Vi anbefaler å melde seg på saman med ein partnar – men har du ikkje det, kan du kontakte Inga, som skal prøve å kople dei interesserte saman slik at det ikkje blir ei hindring.

Påmelding til inga.m2012@gmail.com eller telefon 40142188.