Om

Kulturhelga Havglimt vart første gong arrangert i 2016 og andre gong i 2018, og responsen var overveldande. Den 21.-23. april 2023  (utsett tre år på grunn av korona-situasjonen) gjentek Velforeninga Havglimt kulturløftet. Gjennom Kulturhelga Havglimt 2023 tek arrangørane vare på og vidareutviklar det beste frå dei to første kulturhelga, alt med utgangspunkt i dei lokale kreftene frå Rangøy-området. På programmet står utstillingar av alt frå husgeråd til båtmodellar, fungerande båtmotorar, lokalhistorie og kystkultur, litteraturprogram med gjester frå Estland og Amerika, føredrag om alt frå Alaska til Rangøyingar, lokalrelevant og eksotisk film, forteljarkveld, internasjonalt bord, sjøsport og utflukter — alt med base kring Løa på Rangøya. Minifestivalen blir opna av ordførar Ingrid Rangønes fredag 21. april og varer i to heile døgn.