Rakettløype
Laurdag 21. april og søndag 22. april
Ei rakettløype er ei kort terrengløype med elektronisk tidtaking. Barna får ein elektronisk brikke som registrerer start, mellomtider og målgang. På den måten kan alle vere med å konkurrere, så lenge løypa er open. Under Kulturhelga Havglimt står Elisabeth og Helge Staurnes for rakettløypa. Brikke og informasjon i kiosken.
Veteranbilar/doningar

Utstilling alle dagar
Willy Bergsnes bur på Rangøya. Han har alltid vore interessert i veteranbilar og fordi har han ein replika av en Ford GT40 68-modell, ein GMC Syclone 91-modell som skal vere verdas raskaste pickup frå null til hundre, og ein 58-modell Volvo PV. Desse doningane er det mogleg å ta i augnesyn under kulturhelga, og kanskje til og med få ein prat med entusiasten sjølv.
Min favorittkrig
Fotoutstilling – Harald Kalvøy
Utstilling på Brygga alle dagar
Harald Kalvøy driv selskapet H2Ocean med «basecamp» på Rangøya, er ein av initiativtakarane til Kulturhelga Havglimt og ein dyktig fotograf. Dei fleste av bileta hans er av maritime motiv, ikkje minst i området rundt Hustadvika. Sjølv seier han at han «prøver å formidle øyeblikket slik jeg ser det, men vet det blir urettferdig mot øyeblikket». Mange av fotografia hans kan du sjå på Instagram-profilen @hkalvoy — men under kulturhelga kan du sjå dei i sitt rette format og miljø, utstilt på Brygga.
Til ein hundreåring: Estland og eg

Laurdag 21. april kl. 19.00
Den 24. februar 1918 vart Republikken Estland erklært sjølvstendig, og i år er det stort jubileumsår. Øyvind Rangøy er innfødd på Rangøya, men gift estisk og utdanna estiskfilolog ved Universitetet i Tartu. I snart 20 år har han pendla mellom Noreg og Estland og reflektert over kva det vil seie å høyre heime to stader. I dette jubileumsåret deler han litt av dette i eit føredrag med ein fot i kvart land, tileigna hans andre heimland, 100-åringsjubilanten Estland.
Lokale interørtekstilar
Utstilling på Løa alle dagar
Ein gjeng grepa kvinnfolk som kallar seg “pigeforeningen” møtest jamnleg på Løa på Rangøya, og i sentrum for samværet står ei interesse for handarbeid og tekstilar av ulike slag. Under sist kulturhelg viste dei fram rikdommen av lokalt laga klesplagg. I år vil dei stille ut gamle og nye lokalt laga interiørtekstilar av alle slag: sengeteppe, åkle, dukar og meir til, fortel utstillingskoordinator Mary Ann Rangøy Torske.
Opne båtar – «Gavlbåt»

Laurdag 21. april kl 10.-14.00
Einar Rangøy er i likskap med brørne Knut og Leif meir enn gjennomsnittet begeistra for gamle båtmotorar. Slike motorar er det fleire av på Kulturhelga Havglimt, men laurdag 10-14 blir det også høve til å sjå ein god, gammal Marna 1959-modell i sitt rette element, montert i ein «gavlbåt» frå 1951.
Ein gavlbåt er ein båt med tverr ende, også kjent som ein «spelbåt». Den tverre enden har ein rull som blir brukt til å dra inn ei not over, og slike båtar vart brukt som hjelpebåtar for større fartøy, for eksempel når ein gjorde orkast i større nøter.
Lygarkveld
Fredag 20. april kl. 19.30-21.00
Du skal høyre mykje før øyrene dett av. Men aldri skal du la sanninga øydeleggje ei god historie. Fredag kveld blir det lygarkveld i «motorteltet» utanfør Løa, eit hi med nokre ringrevar og plass til fleire. Hit er det berre å kome, så ser vi kva som skjer!
—
Med oss på lygarkvelden er vi så heldige å ha Håvard Kongshaug og gitaren hans. Han har vore aktiv både som lærar, musikar og politikar. Han har markert seg lokalhistorisk som forfattar av boka «Havets skattkammer. Fiske, fangst og folk i Averøy gjennom 100 år» som for mange har blitt eit referanseverk, og i seinare tid er han også ein av opphavsmennene til spelet om Håholmen.
På tur til «Sanden»

Søndag 22. april kl 12.00
Elin Rangøy har i samarbeid med Velforeninga Havglimt lagt med ein stor innsats i merking av turløyper i Rangøy-området, og har også fått laga eit kart over turstiane. Ei av løypene går til Velforeningas gapahuk ved Sanden. Søndag 22. april tek Elin med alle som vil ut på tur for å nyte den flotte naturen og ta ein rast ved gapahuken. Oppmøte ved Løa — ta med godt humør!
