Laurdag 21. april kl 22:00
(Engelsk teksting)
Arvo Pärt er verdas mest framførte komponist. Om du ikkje har høyrt om han, har du svært truleg likevel høyrt han – om ikkje anna, så i ein film. Lista over filmar som har brukt hans musikk er ganske overveldande.
Pärt vart fødd i 1935 i Paide i Estland. Som komponist har han utvikla ein eigen komposisjonsteknikk, kjent som tintinnabuli. Eit av hans mest kjende verk og ein fin plass å byrje lyttinga er Spiegel im Spiegel.
Arvo Pärt er kjent for å vere sparsam med intervjua, men i filmen «Sjølv om eg mistar alt» opnar han seg for oss. Og denne heilt spesielle portrettfilmen får du sjå under Kulturhelga Havglimt.
Velkommen til nattkino laurdag 21. april!