Nokre dagbokblad frå soknepresten

Foto: Inga Mölder

Laurdag 21. april kl 17.00

Magne Hoem kjem frå Ytre Hoem i Fræna, er teolog og sokneprest i Averøy. Han er bror av forfattar Edvard Hoem og har bakgrunn både som lokalpolitikar, fredsaktivist, aviskronikør — og ikkje minst som sjømannsprest.  På 1990-tallet var han engasjert som fast radiokåsør i Vigra lokal. Laurdag 21. april kjem han til Kulturhelga Havglimt for å dele nokre glimt under overskrifta «Nokre dagbokblad frå soknepresten».

Havørnene rundt Rangøya

Jeremy Hill. Foto: Øyvind Rangøy

Laurdag 21. april kl 14.00 på Løa
Utstilling i Brygga alle dagar

Jeremy Hill står tidleg opp. Med utdanning som marinbiolog har han livnært seg med fjernjobbing i IT-bransjen, men det verkelege livet for Jeremy er ørnene. Kor mange timar med vaking og kikring han har brukt på å vinne deira tillit og kome nær med si kameralinse, veit berre han sjølv. Laurdag 21. april klokka 14 fortel han om havørnene i Rangøy-området, og under heile kulturhelga er hans flotte ørnefotografi utstilt i Brygga, med høve også til å kjøpe med seg eitt av dei for den som kjem først til mølla.

Eit fyrtårn ytterst ute

Kirsti Mathilde Thorheim og Ona fyr

Laurdag 21. april kl 18.00

Ona fyr er eit symbol. Men Ona er også ein stad som finst, eit reelt bustad for atten fastbuande menneske. Denne staden på kanten av kartet har fire ferjeavgangar og ingen. matbutikk — men derimot to keramikarar på heiltid, strikkebutikken To runde pinnar, og no også eigen sjokoladeproduksjon. For forfattar Kirsti Mathilde Thorheim er dette ein fritidsbustad, ein stad å kome, men også ein gjenstand for lengt. Laurdag 21. april kjem ho til Kulturhelga for å fortelje om dette.

 

Opne båtar — fiskeskøyta Torvald

Torvald og Knut Rangøy. Foto: Øyvind Rangøy

Laurdag 21. april kl 10.00-14.00

Rangøya har ei lang historie som heimstad for større og mindre fiskebåtar. Her var heimehamna for Rangøy Senior, registrert som M-120-AV. No har fiskeskøyta Torvald fått dette nummeret, og denne trebåten frå 1960 er bygg nummer 146 frå Bremsnes båtbyggeri. Namnet har skøyta fått etter båtbyggar Torvald Strand, og i år var ho med den stolte reiaren Knut Rangøy på lofotfiske. Og laurdag 21. april kan du sjølv ta dette stykket kystkultur i augesyn.

 

Verda rundt med Framstig

Laurdag 21. april kl 15:00

Treskøyta Framstig er 104 år gammal, med ei fargerik historie. For snart 40 år sidan la ho saman med brørne Svein og Kåre Flem ut på den lengste moglege reisa som kan kallast éi reise: ei jordomsegling.

Etter 290 døgn i sjøen, 107 hamner og 28400 nautiske mil tilbakelagt vende skuta og eventyrarane trygt tilbake til Noreg. Og skuta — ho flyt framleis.

Under Kulturhelga Havglimt kjem sjølvaste Svein Flem for å vise film frå denne ferda. Og du kjem sjølvsagt for å sjå: laurdag 21. april kl  15:00.

Litteraturprogram med gjester

Eg vart fødd ved havet. Mi mor fødde meg i dei store fiskerias tid, båtane / kom inn med lanterner gyngande i moreld om nettene, bresteferdige av fisk / kom dei inn, som dunkande hjarto inn i mine draumar.

Orda er frå diktsamlinga Missa frå 1998 av Knut Ødegard — ein av dei verkeleg ruvande skikkelsane i kulturlivet i Møre og Romsdal. Sidan debuten i 1967 har han vore ein produktiv forfattar og lyrikar. I Romsdals Budstikkes lesarkrins er han også kjent som Liabonden, med æresmedlemsskap i Bondelaget.

Ødegård er grunnleggjaren av Bjørnson-festivalen, har skrive kongediktet ved kongebjørka og grunnlagt Fredslunden i Molde. Mykje av sitt liv har han budd på Island, dei siste åra har han gitt edda-diktinga ny norsk språkdrakt i fire band. Og i 2017 vart han nominert til brageprisen for si nye diktsamling, Tida er inne.

Og den 21. april kjem han til Kulturhelga Havglimt på Rangøya. Og det gjer du òg! Så sett av kvelden. Litteraturprogrammet byrjar laurdag kl 19:30 på Løa.

Arvo Pärt. Sjølv om eg mistar alt

Laurdag 21. april kl 22:00
(Engelsk teksting)

Arvo Pärt er verdas mest framførte komponist. Om du ikkje har høyrt om han, har du svært truleg likevel høyrt han – om ikkje anna, så i ein film. Lista over filmar som har brukt hans musikk er ganske overveldande.

 Pärt vart fødd i 1935 i Paide i Estland. Som komponist har han utvikla ein eigen komposisjonsteknikk, kjent som tintinnabuli. Eit av hans mest kjende verk og ein fin plass å byrje lyttinga er Spiegel im Spiegel.
 Arvo Pärt er kjent for å vere sparsam med intervjua, men i filmen «Sjølv om eg mistar alt» opnar han seg for oss. Og denne heilt spesielle portrettfilmen får du sjå under Kulturhelga Havglimt.
 
Velkommen til nattkino laurdag 21. april!