Rakettløype

Laurdag 21. april og søndag 22. april

Ei rakettløype er ei kort terrengløype med elektronisk tidtaking. Barna får ein elektronisk brikke som registrerer start, mellomtider og målgang. På den måten kan alle vere med å konkurrere, så lenge løypa er open. Under Kulturhelga Havglimt står Elisabeth og Helge Staurnes for rakettløypa. Brikke og informasjon i kiosken.

Veteranbilar/doningar

Willy, Gry-Jeanett og Volvo. Foto: Inga Mölder

Utstilling alle dagar

Willy Bergsnes bur på Rangøya. Han har alltid vore interessert i veteranbilar og fordi har han ein replika av en Ford GT40 68-modell, ein GMC Syclone 91-modell som skal vere verdas raskaste pickup frå null til hundre, og ein 58-modell Volvo PV.  Desse doningane er det mogleg å ta i augnesyn under kulturhelga, og kanskje til og med få ein prat med entusiasten sjølv.

 

Fotoutstilling – Harald Kalvøy

Utstilling på Brygga alle dagar

Harald Kalvøy driv selskapet H2Ocean med «basecamp» på Rangøya, er ein av initiativtakarane til Kulturhelga Havglimt og ein dyktig fotograf. Dei fleste av bileta hans er av maritime motiv, ikkje minst i området rundt Hustadvika.  Sjølv seier han at han  «prøver å formidle øyeblikket slik jeg ser det, men vet det blir urettferdig mot øyeblikket». Mange av fotografia hans kan du sjå på Instagram-profilen @hkalvoy — men under kulturhelga kan du sjå dei i sitt rette format og miljø, utstilt på Brygga.

Lokale interørtekstilar

Utstilling på Løa alle dagar

Ein gjeng grepa kvinnfolk som kallar seg “pigeforeningen” møtest jamnleg på Løa på Rangøya, og i sentrum for samværet står ei interesse for handarbeid og tekstilar av ulike slag. Under sist kulturhelg viste dei fram rikdommen av lokalt laga klesplagg. I år vil dei stille ut gamle og nye lokalt laga interiørtekstilar av alle slag: sengeteppe, åkle, dukar og meir til, fortel utstillingskoordinator Mary Ann Rangøy Torske.

På tur til «Sanden»

Elin Rangøy. Foto: Øyvind Rangøy

Søndag 22. april kl 12.00

Elin Rangøy har i samarbeid med Velforeninga Havglimt lagt med ein stor innsats i merking av turløyper i Rangøy-området, og har også fått laga eit kart over turstiane. Ei av løypene går til Velforeningas gapahuk ved Sanden. Søndag 22. april tek Elin med alle som vil ut på tur for å nyte den flotte naturen og ta ein rast ved gapahuken. Oppmøte ved Løa — ta med godt humør!

Sanden. Foto: Inga Mölder

Måleverkstad / Måleri og glaskunst

Laurdag 21. april kl. 12.00-14.00
Søndag 22. april kl. 12.00-14.00

Marit Rangøy Fladset er ein moldekunstnar med røter fra Rangøya, som sjølv kjem til å stille ut maleri og glasskunst.  Kurset er for alle aldersgrupper og krev ingen forkunnskapar: dette er berre gøy! Ho tek 120 kroner for kurset per deltakar som inkluderer alt nødvendig materiell.

Vi ber om at alle interesserte melder seg på til Åse Dyrhaug: aasedyrhaug@hotmail.com, 971 89 785

Båtmotorar og «motortelt»

Båtmotorar v/Leif, Knut, og Einar Rangøy (Kulturhelga Havglimt 2016)

Utstilling alle dagar
Båtmotorane blir starta opp:
Fredag 20. april kl 19.15
Laurdag 21. april kl 17.30
Søndag 22. april kl 13.30

Knut, Leif og Einar Rangøy er tre brør som alle har ei litt spesiell interesse: gamle båtmotorar. Det er mykje mat i eit gammalt slips, blir det sagt, og kanskje også mykje kystkultur i ein gammal båtmotor. Desse bruksgjenstandane har sin estetikk, og ikkje minst sin spesielle lyd.

Kinomatiné: Rett vest

Søndag 22. april kl 14.00
(Engelsk teksting)

RETT VEST blir omtala som «En varm og morsom feelgoodfilm om alt det vakre som kan komme ut av sorgen.» Søndag 22. april blir det kinomatiné ved Kulturhelga Havglimt — dette er ein ny norsk film med direkte tilknytning til vår del av Noreg. Når det ber rett vest i denne filmen, er det til Ona dei skal. Men også Atlanterhavsvegen finst det sjansar for å få eit glimt av.

Billett 50 kroner.

Internasjonalt bord

Søndag 22. april frå 15.30

Ein av dei store suksessane under Kulturhelga Havglimt i 2016 var det internasjonale bordet. Vi gjentek suksessen!

Du har sjølvsagt alt sett av heile helga til å kome på Kulturhelga Havglimt 20.-22. april. Vi gler oss difor til å sjå deg søndag 22. frå 15.30, når lokale krefter igjen prøver å lage mat frå alle dei landa vi kjem frå!